![]() |
Stressmestringskurs Mindfulness (oppmerksomhetstrening) er ein type mental trening som handlar om å vere tilstades i nuet, og ikkje i framtid eller fortid. Tilstanden mindfulness oppnås ved å rette merksemda mot det som hender her og no i denne augneblinken, med ei haldning prega av openhet og nyskjerrighet. Gjennom kurs i mindfulness øver me på meditasjon, yoga og det å vere tilstades i kvardagsaktivitetar. Dette praktiserer me med vennleg omsorg, tillit og aksept. Du skal ikkje prestere noko, men vere ein nøytral observatør til det som hender akkurat no. Det er nuet som er viktig. Me strevar ikkje etter å verte betre elle komme oss vidare. Me gjer ikkje anna en å invitere oss sjøve til årvåkenhet og til å møte augneblinken andlete til andlete, for her og no prøve å oppnå ein tilstand av ro, merksemd og likevekt. Pusten er eit godt hjelpemiddel i oppmerksomhetstrening. Kroppen vår er alltid til stades, sjølv om tankane våre ofte kan vere ein heilt annan stad. Nå me rettar merksemda mot vår eigen kropp hamnar me automatisk i nuet. Gjennom mindfulness trener me medvitet til å lytte til fornemelsar i kroppen, og me vert meir medvitne på informasjonen kroppen gjev oss. Det er viktig å tenke på at ingenting kjem av seg sjølv, du må trene. Forskning viser at dette også gjeld mindfulness. Jamn praktisering av mindfulness kan leie til: redusert stress Gokurs tilbyr mindfulness kurs for deg som vil lære deg grunnleggjande ferdigheter innan mindfulness. Kurset kombinerer teori og praktiske øvingar. Kursa kan skreddarsys for ulike grupper og bedrifter, og kan vare frå eit par timars introduksjonskurs til kurs som går over fleire veker, med to timar i veka.
|